søndag 20. juli 2008

Sand i skoen

I går var eg og Hildegunn i sentrum og shoppa. Vi kjøpte ting som; sengekle, vaskebalje, sjampo og andre trengande produkt som Australia handkle, tannkost og mat.

Då klokka nærma seg 6 hadde vi over 10 handlenett, to vesker, ein sekk med sengekle og ein balje med mat!!! Eg kan sei det sånn at det tok litt tid å gå til leilegheita.. Vi saut litt mykje, so folk lurte på om det gjekk bra, då berre svarte vi med ”Oh, yes” å smilte og lo!:D

Noko som eg elskar med å endelig bu i ein by er å vindushoppe i butikkane Louis Vuitton, Nine west, Aldo, D&G, Chanel osv. Eg lika kanskje mest tanken på at eg har tilgjengligheita til å handle der, men om noko meir kan lommeboka lett svara ”nei” med.

Andre (små)ting eg kjøpte, som eg berre MÅTTE ha, var Nine west sko (faktisk salg 50%!!!), Dior vassfast maskara og Bronze Powder frå The Body Shop. Maskaraen tok det litt tid å kjøpe fordi butikkdama ikkje fann kor dei lagra maskarane. Og attpå det (som vi merka på kvelden) fekk vi ikkje vannfast, som vi skulle ha, so vi må nukk tilbake på måndag for å bytte. Grr.

I dag har eg sove litt lenge, det var litt deilig å berre kvile ut litt etter all reisinga og gåinga. Deretter fekk vi I oss frukost og gjekk til bystranda. Der låg vi og sola og kosa oss i eit par timar før vi gjekk og åt lunsj. Vi synst det er litt kjedlig at sola ikkje står so lenge på himmelen, sidan det er vinter. Den går ned i 5-6 tida, so det blir fort kveld. Vi gledar oss veldig til sommaren kjem når det blir varmare og vi ikkje er dei einaste som går i shorts. Då skal vi nukk sole oss og bade mykje meir, mens dykk der heime kan begynne å vase i 50cm snøv. Arti.

Klem med jenta som ”endelig” har sand i skoen

1 kommentar:

Anonym sa...

Fint å sole seg no, så blir det eit bra grunnlag til sommaren