tirsdag 28. oktober 2008

It's just a turkey

Uni, uni, uni. Det er der eg helde meg for tida. Sete på skulen å jobba parallellt med 4 oppgåver. Litt kjipt å sete innje når sola skine ute og det er rundt 27grader i lufta. Men no er det berre 1 veke igjen til Silje kjeme på besøk, og 2 veke til eg er HEILT ferdi på skulen! Det skal bli digg!


Always look at the bright side of life (8)

Kos :)

søndag 26. oktober 2008

SNART JUL?


Her er det begynnt å bli full julestemning, Hildegunn høre på julemusikk, en dag kjøpte vi oss julenissa (og reinsdyr) sjokolade og Target begynte å selgje julepynt 8. oktober. Sjukt? Ja!

Blir deilig å kome heim berre 1 veke før jul! Då ekje det so lenge å vente, men det blir kanskje litt vanskelig å prøve å kome i julestemning her nede før eg reise. Ligge på stranda i nissehue og hørepå julemusikk? Nei, det trur eg ikkje før eg oppleve det sjølv. hehe.

Men no er klokka nesten 2 her, må leggje meg so eg kan stå opp tildleg å vere litt "skulette":D Har jo rett og slett berre 3 veke igjen på skulen! Herlig!

Kos og klem :)

torsdag 23. oktober 2008

A DAY IN MY AUSSIE LIFE

Jess, no fekk eg lasta opp filmen:) Har makka ei god stund med det, sia blogspot ikkje er 100% til å stole på. Men no er den ihvertfall oppe og går! Ta ein titt:)



PS: Eg rydda rommet mitt igår, so det ser ikkje so gale ut som på filmen *tihi*

mandag 20. oktober 2008

FILMING

I mårra skal eg gjere noko spesielt BERRE for dåkke: eg skal filme heile dagen min!! Jepps, det er sant! Kanskje ikkje kvart sekund av dagen, men dei viktigaste hendelsane ihvertfall. Eg skal ta opp mange små filmklipp og tilslutt lage ein liten kortfilm:D Ekje det noko å glede seg til so veit ikkje eg:) hehe.. So: stay tuned! I mårra kjeme den fyrste (og einaste) episoden av



A DAY IN MY AUSSIE LIFE
by Ingvild Marie Taraldset (alias: Lisha)

Hugs and kisses :)

søndag 19. oktober 2008

TJOHEI

Her kjeme eit raskt lite blogginnlegg! Har ikkje so mykej å skrive om, dagane går mest ut på å få gjort skulearbeid. Eg har fått ei oppgåve i kvart fag og fristane ligge rundt 5-12.november. So har ganske mykje å gjere. Når eg har komt litt lengre i arbeidet, kanskje eg leggjer ut nokon bilder av det.

Men no må eg stikke, skal opp på taket å studere/sole meg:) To fluer i en smekk! KOS dåkke heime i kulda:)


PS: No er AUS dollaren veldig lav, so no gjelde det å ta ut penga og bestille flybiletta til Sydney:D

Klem Ingvild

tirsdag 14. oktober 2008

Bilder frå Cairns

No har eg lagt til nokon bilder frå Cairns i innlegget under her:) Har du lyst å sjå fleire bilde kan du sjekke ut bloggen til Hildegunn, der er eit par til:)
http://hildegunnaustralia.blogspot.com/2008/10/pics-from-cairns.html

søndag 12. oktober 2008

Advanced stuff

Å spele Nintendo64 er avanserte greier


Berre eit lite arti filmklipp frå Cairns:)

Spring Break 2008

Vi fire jentene fann ut at vi hadde lyst å reise til ei plass med enda meir varme enn Brisbane. So vi bestemte for å reise nord til Cairns for å tilbringe ferien der.

Dag 1 - Fredag 26. september
Reisa
Eg og Hildegunn reiste frå leiligheita i hall7 tida, flyet vår gjekk frå Domestic airport kl 21.20. Eg kom på at eg hadde gleimt linsene mine når vi var i heisen, takk gud for at eg kom på det so tidleg. So eg måtte springe tilbake for å hente dei, men med mi fart so hadde vi likevel bra med tid etterpå, haha.

Vi tog toget til flyplassen der vi møtte på Mia og Josefin. Kofferten eg og Hildegunn hadde på deling vog meir en den burde, so då måtte vi omorganisere litt. Opna kofferten mid på flyplassen, folk såg sikkert rart på oss, men pytt pytt:)
Vi kom oss til Cairns. Michael, naboen vår i Brisse, kom å henta oss på flyplassen og var so snill å lot oss få sove på gjesteromma i huset til Mora hans.

Dag 2 - Laurdag 27. sept
Byen Cairns og BBQ
Dinne dagen gjekk ut på at vi såg os litt rundt om kring i Cairns, som er ein veldig annaleis by enn Brisbane. Cairns er meir turist-prega og det er ikkje mange høge bygninger. Berre mange hus strekt ut over eit stort område omgitt av "hill"s eller små fjell som eg ville ha sagt. Veldig vakkert.
Så holdt Michael ekte australsk BBQ for os på kvelden.

Dag 3 - Søndag 28. sept
Regnskog
Vi kjørte med bil opp nord til Palm Cove og Port Douglas og heilt opp til Mossman der vi stoppa og gjekk rundt på stia i regnskogen. Veldig mange interresante plante arta, til dømes "Waitawhile" som er eit slags tred mad taggar, kjem du bor i den kan den ta hatten di eller berre henge seg fast i kleda dine,og då må dei andre som går ilag med deg wait-a-while mens du får deg laus;) Arti
Også bada vi i ein swimminghall, som er ein høl på norsk, i dei reine og klare elvene i regnskogen. Føltest litt om å bade i store elva heime i honndalen, herlig.
Etter ein lang dag med bading og mykje regnskog bestemte vi oss for å hoppe på ein Greyhound buss ned sør til Mission beach, som skulle vere ei ganske fin strand. Etter ein to-timer lang busstur var vi framme og booka oss inn på Absolute backpackers. Aberet med at vi kom so seint der var at alle butikka og resturanga var stengt, uten om liqurestore som berre selgte potetegull og nøtter til mat. So då var det berre å gå ned til stranda med ein nøttepose for å ete kvelds mat, og der møtte vi på nåken hyggelig backpackers frå hostelet som hadde bonfire:)

Dag 4 - Mandag 29. sept
Mission beach
Heile denne dagen brukte vi på å bade og sole oss på Mission beach. Det er, seriøst, den finaste stranda vi har vore på til no, heilt fantastisk! Vi hadde ein liten piknik å åt frukost der og bada so mykje vi kunne.

Det er ikkje ein plass det er mykje haia og slikt, men en skal ikkje svømme langt uti for ein veit aldrig. So mamma: eg holdt meg på knehøgde;) Når det begynte å lide på ettermiddag tok vi på oss ryggsekkane og gjekk langs heile stranda, bra trimm. Vi gjekk bla forbi ei elv der vi veit er krokodiller, so det kribla litt i magen må eg seie. Vi veit/har blitt fortalt at det berre finst krokodiller i elver der det er saltvatn.. men kva med ferskvatn krokodillene da? kvar helde dei seg? Mysterium.
På slutten av dagen koste vi oss med UNO te eller kaffi på hostelet, og gjekk å la oss veldig tidleg - for morgondagen bestov av å stå opp kl 5 for å få med seg soloppgangen på stranda.

Dag 5 - Tirsdag 30. sept
Sunrise

Klokka 5 ringte vekkarklokka og vi tok med oss frukosten og skunda oss ned til stranda. Der satt vi å venta i spenning på at sola skulle stige opp av havet. Og gud det var vert det, heilt fantastisk. Vi klarte og å knipse eit par gode bilder. Bildene seie det meste:)
Seinare på morningen tok vi watertaxitil Dunk island, ei øy utan for mission beach. Der låg vi på stranda, intil flugene kom å tok oss. Eg, Mia og Josefin tok òg turen opp til toppen av øya (ca ein Ytrehornsnakken-tur) der vi såg utover hav og regnskog.
På ettermiddagen reiste vi tilbake til Cairns.


Dag 6 - Onsdag 1. okt
Backpacker
Vi tok buss til Palm Cove, ei strand vi hadde så vidt besøkt på søndagen. Der var vi mesteparten av dagen:) Når vi reiste tilbake til byen fann vi ein kjempe bra og billig backpacker "JJ's backpackers" der kosta der 23$(125 NOK) per pers per natt og det var inkl frukost og middag kvar dag! Kjempe deal:)
Resten av dagen/kvelden gjekk vi litt rundt i Cairns, men vi la oss tidleg for vi visste at neste dag kom til å bli stor - dykking ved The Great Barrier Reef!!

Dag 7 - Torsdag 2. okt
Dykking ved Great barrier reet

Tidleg opp og ned til Marina før kl8. EG var litt små nervøs, men mest spent:) Vi gjekk ombord i ein middels stor båt med ca 20 andre turista/studenta. Så reiste vi laaaang ut på havet, tanken var litt rar; å reise so langt vekk på land å fare å snorkle? Men alt går annd:) Det verste med båtturen ut var at eg vart sjøsjuk! EG som aldrig har blitt det før, eg som altid fær å springe rundt og syte for at alle andre er sjuke? hehe.. men ja, eg trur det har nåke med at eg åt ein litt fattig frukost - never again;)
Når vi kom ut til revet var det ein anna båt, litt større, som vi "henge" oss fast på. Så var det å ta på seg svømmeføtene og snorklemaska og hive seg uti vatnet. I begynnelsen var det litt skummel å sjå ned i vatnet men når ein såg revet og fiskane so for alt det vekk. Vi hadde leigd oss eit undervans digitalt kamera so vi tok mange bilder (synd vi ikkje fekk ha det med oss når vi dykka, berre snorkla). Eg gledde mag veldig til å dykke fordi det hadde eg aldri prøvd før, og då får ein virkelig kome tett på revet.

Etter ei god stund med snorkling steig vi ombord i båten igjen og tok på oss vektbelte og oksygen tank. Vi hadde fått instruksjona tidlegare om ting vi måtte gjere når vi dykkte. Bla å ta inn vatten i maska (under vatn) og greie å blåse det vekk igjen, skummle greier - men det gjekk heilt fint, berre ein gjor det rett. Ein annan ting som er veldig viktig er å balansere luftlommene enn tar med seg ned, men det gjekk fint for meg.

Eg og Hildegunn hadde same instruktør og eg var fyrst ned i vatnet, pustinga og alt gjekk fint og eg kom meg ned på botnen der instruktøren plasserte meg på ei stong som hang i to snorer frå båten, mens han for opp for å hente Hildegunn. Det var kanskje den sjukaste reality checken eg har tatt:
"Ingvild, no er du på botene av havet, heilt aleine, der oppe 10 meter over deg er overflata, pust - berre pust!"

Men hildegunn hadde litt problem med å få ut proppen i ørene - og det blir det eit so stort trykk at det gjere låkt, så det vart ikkje dykking på hon. Men teng på meg som sete på boten av havet og venta og venta og venta på at dei skal kome. Men til slutt kom instruktøren og eg fekk privattime:) Det var so fantastisk å svømme rundt om kring å sjå på fiskane og alle dei fine fargane på korallane. Nydelig. Eg fann nemo og:) Eg hadde egentlig lyst å sjå ein rev-hai og skilpadde, men so heldig vakje eg. Det skummlaste var kanskje å sjå ein barracuda som berre stod heilt stille i vatnet, grøss!!!

Vi fekk ein dykketur til (som egentlig ikkje var gratis, men fordi dei ikkje nemnte nåke om det til oss - so fekk vi den gratis). Då fekk eg, Mia og Josefin dykke ilag, med ein istruktør sjølvsagt. Det var kjempe kjekt, vi måtte svømme hand i hand. Eg var i midten so eg styrte veg og arti var det. Litt komisk og for av og til sank eg litt ned, hadde ikkje den friheita til bevege meg som svenskane på sidene hadde, kræsja nesten i revet eit par gånga, haha, men eg kom meg opp på linje med dei andre. Artiiiiiii:D
Dinne dagen var heilt fantastisk! Eg har SO lyst å prøve å dykke igjen, det er absolutt nåke å anbefale!

Dag 8 - Fredag 3. okt
Botanic Garden

Denne dagen gjor vi litt seriøs suvenir shopping og deretter gjekk vi til Cairns sin Bataniske hage, veldig nydelig. Der tok vi og eit par kule bilder:) Vi åt middag på The wollshed, gratis middag sjølvsagt, også for vi på Nightmarket som er ein marknad som helde ope frå 4 til 4 på natta:) So der handla eg litt og.

Dag 9 - Laurdag 4. okt
Swimming hall

Dinne dagen slappa vi av med Lagoonen, eit offentlig utendørs basseng med strand, som street beach i Brisse(Brisbane). Også møtte vi Michael igjen og han, og to kompisa, tok oss med til enda fleire swimming hall, bla eit med vannfall:) Nydelig fint å bade. Eg måtte sjølvsagt klatre opp i eit stoooort tred som hadde dåtte ned, Arti!
På kvelden laga vi skandinaverane toac til Michael og mora som takk for at vi fikk bu med dei halvparta av tida vi var i Cairns, og ha huse deira som base.

Dag 10 - Søndag 5. okt
Skyrail

På tide å vere enda meir turist:) Vi tok Skyrailen til Kuranda. Det var to stopp på denne heisen, då gjekk vi ut og fekk omvisning av ein Ranger - veldig interresant, det artigaste var faktisk at vi allerede visste det meste:D hehe!
Når vi kom fram i Kuranda gjekk vi rundt og såg på alle marknadane som var der, vi møtte på ekte hippia, det var litt arti. Og vi fekk smake frisk kokosnøtt-melk. Ikkje SO godt etter min smak. Eg kjøpte med ein nyyydelig kvit hekla kjole der, til 150kr - sjukt kom billig ting kan vere her nede:)
På ettermiddagen såg vi på Doudgeball kamp (kanonball altso), eg synst forsatt det er komisk at dei trenar og spelar so seriøst om dei gjere i ein so tåpelig sport:) hehe.. Josefin prøvde seg, og ho var naturtalent sjølvsagt:) Også bada vi på enda ein swimming hall:) Hadde lyst å hoppe frå 7meter der, men eg pingla ut og berre hoppa på hylla under (so du kan sjå på bilde).

På kvelden åt vi nydelig middag laga av Michaels mor også satt vi å spelte Super mario på nindendo64, eg skal leggje ut ein film for å vise kor avanserte greier det er! hehe.

Dag 11 - Mandag 6. okt
"Home"
Tidleg opp for å rekke flyet vårt som gjekk frå Cairns kl 6.00. Det har vert ein utrulig spennande og morsjom ferie! SO mykje fantastisk eg har opplevd og sett, det er heilt utrulig.

Eg likar virkelig Australia!

mandag 6. oktober 2008

Hornindal VS Cairns

No har eg komt meg trygt "heim" til Brisbane etter 10 daga i tropiske Cairns. Har ikkje so god tid til å blogge idag, men imårra skal eg skrive og leggje ut mykje bilde.

Turen var heilt fantastisk og eg har opplevd veldig mykje spennande!

Kva er best?
Snøv på fjella, ka det skal bety? hehe:)
Bildet er frå http://webcam.rbt.no/


Klemma :)