lørdag 19. juli 2008

Alt ordner seg for snille jenter

Etter atter ein lang tur rundt i byen, på leiting etter ein plass og bu, fann vi til slutt ut av vi skulle gå tilbake på ein av de vi hadde sett på før. Og der fekk vi tilbur om ei leiligheit som var billigare men då måtte vi dele med ei anna jente.

So no har vi fått oss ei stor leiligheit med stor stove/kjøkken, balkong, kvar sitt rom, bad og do som eg og Hildegunn delar på oss og for å ikkje gleime den LAAAANGE gången vår:) Berre 10-15 min gåtur til midten av byen og like langt til skulen/south bank/street beach. Fantastisk.

POSITIVT m/ leiligheita
  • lang og fantastisk morsjom gang
  • stooort kjøkken
  • kamera utanfor, så vi kan sjå på tven kven som ringer på
  • vi har brødristar
  • ikkje så veldig langt å gå til Starbucks
  • badebasseng på taket med nyyydelig utsikt (felles)
  • treningsrom (felles)
NEGATIVTm/ leiligheita
  • vi har ikkje steikovn!!!
  • klesskapet har berre ei hylle
  • fredags kveld spelar ein nattklubb ikkje så langt vekke veldig høg live musikk - grr
  • Utrulig stygt grønt laken og sengetrekk (må kjøpe nytt idag)
... det kjem nukk meir!

NB! Dei raude Skittles dropsa smaka chili og er altfor sterke. Eg og Hildegunn har bestemt at akkurat den fargen går i søppla!

Soloppgang frå The Point Hotel

Her har vi Brisbane City i bakgrunnen, dette er tatt like før vi tok ferga i bakgrunnen over elva:)

Hildegunns første Starbucks;)

Meg på brua som er mellom leiligheita og byen.

Vårt stoooore kjøkken:D

Spisestova og stova, Hildegunns rom til høgre

Starten på den LAAAANGE gången vår:D

Den har ein liten brekk på seg

Og resten av gången:D Døra går ut til gangen der heisen og troppa her.

Ikkje spørr meg koffer eg står på to telefonkataloga XD
We <3 long hallways!!

Ingen kommentarer: