lørdag 19. juli 2008

Alt ordner seg for snille jenter

Etter atter ein lang tur rundt i byen, på leiting etter ein plass og bu, fann vi til slutt ut av vi skulle gå tilbake på ein av de vi hadde sett på før. Og der fekk vi tilbur om ei leiligheit som var billigare men då måtte vi dele med ei anna jente.

So no har vi fått oss ei stor leiligheit med stor stove/kjøkken, balkong, kvar sitt rom, bad og do som eg og Hildegunn delar på oss og for å ikkje gleime den LAAAANGE gången vår:) Berre 10-15 min gåtur til midten av byen og like langt til skulen/south bank/street beach. Fantastisk.

POSITIVT m/ leiligheita
  • lang og fantastisk morsjom gang
  • stooort kjøkken
  • kamera utanfor, så vi kan sjå på tven kven som ringer på
  • vi har brødristar
  • ikkje så veldig langt å gå til Starbucks
  • badebasseng på taket med nyyydelig utsikt (felles)
  • treningsrom (felles)
NEGATIVTm/ leiligheita
  • vi har ikkje steikovn!!!
  • klesskapet har berre ei hylle
  • fredags kveld spelar ein nattklubb ikkje så langt vekke veldig høg live musikk - grr
  • Utrulig stygt grønt laken og sengetrekk (må kjøpe nytt idag)
... det kjem nukk meir!

NB! Dei raude Skittles dropsa smaka chili og er altfor sterke. Eg og Hildegunn har bestemt at akkurat den fargen går i søppla!

Soloppgang frå The Point Hotel

Her har vi Brisbane City i bakgrunnen, dette er tatt like før vi tok ferga i bakgrunnen over elva:)

Hildegunns første Starbucks;)

Meg på brua som er mellom leiligheita og byen.

Vårt stoooore kjøkken:D

Spisestova og stova, Hildegunns rom til høgre

Starten på den LAAAANGE gången vår:D

Den har ein liten brekk på seg

Og resten av gången:D Døra går ut til gangen der heisen og troppa her.

Ikkje spørr meg koffer eg står på to telefonkataloga XD
We <3 long hallways!!

fredag 18. juli 2008

SOL

Sola er komen! Var berre uflaks at det regna dagen vi kom, ekje det typisk?

Igår gjekk vi rundt i byen å vart litt kjent, men vi fann ingen plass å bu. So no er det andre natta på hotel, og det er ikkej so billig akkurat. So no skal vi ut idag igjen å leite etter leiligheit eller Accommodation - må lykka vere med oss.

Blir ikkje so mykje blogging no sidan vi ikkje har komt oss til ein fast plass enda. Men her er eit bilde av meg og Hildegunn på streetsbeach i South Bank <3

onsdag 16. juli 2008

Greetings from down under

Ja, no har eg kome meg heilt fram til Brisbane, akkurat no er eg kjempe sleten og veldig trøtt! Døgnet har gått heilt rundt med mange fly-skift og tidsforskjeller. So det skal blir godt å få leggje seg og sove ein god natt søvn.

Reise har gått ganske problemfri, bortsett frå at vi ikkje har fått bagasjen vår enda. Det er litt små tragisk, vi trur den er i Sydney enda og har satt Quantas på saka. So vi får virkelig håpe dei kjem på døra med den snart sånn eg har ein pysj å sove i!

Eg og Hildegunn har no booka oss inn på Kangaroo Point Holiday Apartments. Her skal vi overnatte berre (uheldigvis) ei natt, og deretter leite etter ei leilegheit på South Bank i mårra. Sjå under for bilder der vi er no, nydelig! Vi skal og, om vi får tid, finnje fram og sjå på skulen. Også blir det nukk litt handling OG, av div ting vi har trong for.

MEN æsj, det regna!
I sydney var det sol og HEILT blå himmel, men når vi tok flyet til Brisbane møtte vi på gråe skyer lag på lag. Kjedlig. Så det regnar litt, men det er ganske varmt fordi, 20grader eller noko.
Men eg har berre kjøpt ein time på internetten her, so eg får vel ta å skynde meg å leggje ut litt bilder

Kos og klem frå ei som framleis venta på sola og kofferten sin, savna dåkke allereie sjølvsagt


Stygge veir!! hehe.. Meg på kangaroo piont

Fyrste natta sov vi her.. UTEN bagasjen vår, huff

Blide at av flyet, Singapore

torsdag 10. juli 2008

Bildeframvisning

Eg har no lagt til ein "Bildeframvisning" heilt nederst på denne bloggen. Alle bilete eg leggjer ut på bloggen vil også synast der. Slideshow by Photobucket.

lørdag 5. juli 2008

Reiserute

Her har vi reiseruta til Australia:

Hovden, Volda - Gardemoen, Oslo - London Heathrow, UK - Singapore, Malaysia, - Sydney, Australia - Brisbane, Australia

Ditta kan ta si tid...

Reise mandags morning norsk tid, er framm onsdags morning norsk tid:)

onsdag 2. juli 2008

Tips

Idag har eg fått eit par tips med ei fantastisk jente som har vert i Australia.

TAKK Anne-Linn <3

tirsdag 1. juli 2008

Ny mobiltelefon

Forresten, så har eg bestilt meg ny mobiltelefon med GPS, sånn eg ikkje tulla meg vekk der nede:) tihi.. Gleda meg til den kjem i postkassa i løpet av veka!!


Sony Ericsson W760i, Intense Black