Er litt småstressa sidan vi ikkje har fått vete heilt kva fag vi skal ta der nede enda. Men det ordna seg nukk..
No fann eg og Hildegunn ut at vi får ikkje så mykje reisestipend av Lånekassen som vi trudde! På sidene deira står det over 20 tusen og ca 15 tusen av det er stipend. Men det var visst for eit heilt skule år (med 2 tur/retur reiser) Men flybiletten vår kosta jo 15000 så korleis i huleste eg skal greie å leve der nede med tanke på mange tusen i minus og Hildegunn med stort banklån.. Det ska'kje vere greitt
Men men:) Vi skal nukk overleve! Og vi skal ha råda til å reise til Fiji i Spring breaken vår. Basta!:P
Bilde frå bystranda i Brisbane:

Denne ligger 5min frå skulen vår! GJETT om eg kjeme til å tilbringe mykje tid der:D